fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: Nissegleder og nissestrekar
http://fivreldagar.blogspot.com/2014/12/nissegleder-og-nissestrekar.html
Fredag 12. desember 2014. På tunet går ein nisse rundt og er så blid. Og triveli med lua si,. Ho nikkar og ho smilar og ho er så glad. For nisselue vil ho gjerne ha! Og mora ja, ho strikkar og ho strikkar,. Og ho nikkar, klokka tikkar,. Ho vil så gjerne ha med nokre prikkar,. Men nissejenta seier nei- nei-nei. For nissejenta er ein liten tøysekopp. Og med sin kropp, ho gjer eit hopp! Eg vil slett ikkje vente på den Månetopp,. For lua treng eg på min vesle kropp! Haha, what can I say,. Husnissen dykkar så...
fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: desember 2014
http://fivreldagar.blogspot.com/2014_12_01_archive.html
Onsdag 17. desember 2014. Ei veke til jol! Om nøyaktig ei veke sit alle, kvar i sin heim, og sukkar nøgde over mat og drykk og gler seg over gåver som ligg og ventar - eller kanskje alt er opna og beundra og teke i bruk. Ja, det vonar eg i allefall! For slik det ser ut no, er det slett ikkje sikkert alle gåvene vert ferdige og klare i tide, og eg som meinte eg byrja så tidleg og hadde så god tid! Eit påfunn eg og Å hadde ein novembersundag. Små charmiga kompisar som med lyklering og bjølle og sin herlege,.
fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: januar 2013
http://fivreldagar.blogspot.com/2013_01_01_archive.html
Onsdag 30. januar 2013. Medan naturen lever sitt liv utom husnova, lever me i desse januartider mesteparten av våre kvardagar innomhus. Det er godt me har hole hus, som me Valldølar seier! Som eg plar kalle det! Har me i alle høve nok av, anten me held oss ute eller inne, og keisemd er eit ukjent ord og omgrep i denne heimen. Til dømes er to av huslydsmedlemene sers glade i å bake, og det syner seg at me utfyller kvarandre svært godt. Eller "rundstykke med diffus multippel fenestrering" om du føretrekk å...
fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: september 2010
http://fivreldagar.blogspot.com/2010_09_01_archive.html
Torsdag 16. september 2010. Det som er -. Eit år har gått, og så var det haust att. Gulnande lauv, raudnande blåberlyng, den skarpe lufta om morgonen møter kinnet som eit fjernt minne du aldri trudde du skulle gløyme. Den veike angen av røyk, den varme vissa om ungar som vaknar til knitrande omnsvarme og eit mjukt saueskinn å krulle tærne nedi når dei set små, mjuke fotsolar mot kalde golvplankar. . Har du kjent smaken av haust? Heime om kvelden, det mørknar tidleg no; i gangen heng dei jord- og skogsang...
fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: januar 2015
http://fivreldagar.blogspot.com/2015_01_01_archive.html
Lørdag 10. januar 2015. For nokre er den ultimate laurdagen å kaste seg ut or eit fly med fallskjerm på ryggen. Andre balanserer ytst på fjellkvasse eggar utan noko tryggjingsopplegg i bakhand. Ekstremsport i høgste grad, spenninga kryp langs ryggrada og adrenalinet gjer deg intenst tilstades i livet. For andre av oss, er den perfekte laurdagen lydbok, sjokolade, ein god kopp te - og eit strikketøy i ein eller annan fase. Trygt og godt, koseleg og langt unna det sers ubehagelege adrenalinet. Her har eg b...
fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: april 2013
http://fivreldagar.blogspot.com/2013_04_01_archive.html
Søndag 14. april 2013. Den som har eit bibliotek. Og ein hage, manglar inkje (Cicero). Utom husnova ligg enno snjoren kvit og tung her på austlandet, nattetemperaturane er under nullpunktet, og ullklede og sjerroksar er framleis dei viktigaste klesplagga for å kome seg gjennom kvardagen. Von om vår er det nå likevel når ein berre kjenner rektig etter, for det dryp taktfast frå yfsedrypet* og fuglane fyller dei tidlege morgonar med muntre menuettar; og kveldane med kjærlege kantater. Mest alt eg kan om st...
fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: Et dukkehjem
http://fivreldagar.blogspot.com/2014/12/et-dukkehjem.html
Torsdag 4. desember 2014. For eitt års tid sidan sauma eg iherdig på eit uvanleg morosamt og utfordrande prosjekt - eg laga ei tøydokke til dotter Åslaug, ei waldorfdokke. Som mange kallar det. Ho fekk namnet Alva, og du kan lese meir om henne her. I år skal jolegåva til dotter og dokke vere ei fornying og utviding av garderoben, og sidan me er i den kalde årstida er det haute couture strikk. Inspirasjon, tips og instruksjon til korleis ein lagar slike dokker, sjå bloggen Tusindfryd. Olav H. Hauge. Er so...
fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: Slekters gang
http://fivreldagar.blogspot.com/2014/11/slekters-gang.html
Onsdag 19. november 2014. Familien aukar støtt og stadig - no er me 10 med smått og stort: Ein gut og ei jente, ei kone og ein kar, ein katt og ein hund, ein sau og ein vêr, og eit kaninpar. Ja, og så alle mysene då - men dei vil me ikkje tale så mykje om. Dei har pusekatten Åsmund ansvar for. Eit anna kjært og godt familiemedlem fyller i desse dagar eitt år; dokka Alva. Endeleg er du attende, Fivreld! Eg har venta lenge, men du er som musa Fredrik i biletboka. Du samlar på ord og fargar, stemningar ...
fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: Jolekvelden på kjerringa...?!
http://fivreldagar.blogspot.com/2014/12/jolekvelden-pa-kjerringa.html
Onsdag 17. desember 2014. Ei veke til jol! Om nøyaktig ei veke sit alle, kvar i sin heim, og sukkar nøgde over mat og drykk og gler seg over gåver som ligg og ventar - eller kanskje alt er opna og beundra og teke i bruk. Ja, det vonar eg i allefall! For slik det ser ut no, er det slett ikkje sikkert alle gåvene vert ferdige og klare i tide, og eg som meinte eg byrja så tidleg og hadde så god tid! Eit påfunn eg og Å hadde ein novembersundag. Små charmiga kompisar som med lyklering og bjølle og sin herlege,.
fivreldagar.blogspot.com
Fivreldagar: februar 2009
http://fivreldagar.blogspot.com/2009_02_01_archive.html
Torsdag 26. februar 2009. Så lyt vonbrotet ut også til heimskringla forøvrig - familieauken gjekk ikkje heilt som planlagt, og det vert såleis framleis berre oss tre i heimen. Vonbrotet er stort, om ikkje heilt uventa, for er det ein ting som er sikkert når det gjeld biologi, så er det at ingenting er plent som ein trur eller ventar. MEN! Om fire månader er det løpetid att, og då spørs det om ikkje me finn tak i ein staut gjetarhund og freistar lukka på ny :-) . Forresten har eg kaupt meg bil sidan sist!
SOCIAL ENGAGEMENT